Stipend og lån fra Lånekassen: søknadsfrist 15. november! - Vestfold fylkeskommune '
Hopp til innhold Hopp til meny
  • Del
  • Google+
  • RSS
  • 10. nov. 2014
  • 19. okt. 2015

Stipend og lån fra Lånekassen: søknadsfrist 15. november!

Har du ikke søkt ennå? Husk å søke før 15. november

15. november er siste sjanse til å søkje om stipend og lån frå Lånekassen for hausten 2014. 

Har du hugsa å søkje om utstyrsstipend?

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, uavhengig av kor mykje foreldra tener eller har i formue. 

Du må søkje før 15. november for å få heile utstyrsstipendet. Søkjer du etter denne fristen, får du berre halve beløpet. 

Du finn søknaden her. 

Har du allereie søkt og det har skjedd endringar?

Fristen er 15. november for å melde frå om endringar som gjer at du kan ha rett til meir pengar frå Lånekassen for hausten. Eksempel på slike endringar kan vere at 

  • • du har flytta heimanfrå
  • • du har bytta skole (du må sende ny søknad)
  • • du har bytta utdanningsprogram
  • • økonomien til foreldra dine har endra seg 

Hugs at du alltid har plikt til å melde frå om endringar som kan føre til at du har rett til eit lågare støttebeløp. 

Les meir om å melde frå om endringar og korleis du kan gjere det.